fredag 15. januar 2010

Eit lite lys i mørke


Ja dette er månen ei mørk vinternatt.

Ja det er nok på tide med nokre ord her i dagboka.
Denne høsten og vinteren har uten tvil vore den verste i mitt liv. Det har vore som å ha blitt hærtatt av noko fremmandes og vondt. Det er angsten og depresjonen som har tadt meg.
Eg har i lengre perioder hadt konstant angst. Og det er ingen ord som kan beskrive den følelsen. Men du kan forestille deg at du heng etter fingetuppene utfor ein 10 etasjers bygning. Forestill deg den panikken du då har i kroppen. Forestill deg så att du har denne følelsen heile tida utan å vite kva du er redd for. Når du ikkje veit kva du er redd for kan du heller ikkje gå ut av situasjonen.
Eg har no vore igjennom 5 forskjellige typer medisiner og eit 3 vekers frivillig opphold på sykriatiske, som egentlig var ein god opplevelse når eg bare kom over den barieren. Eg trygla faktisk om å få komme tilbake då eg fikk uslett av dei medisinene eg var utskreven med derfrå. Men då var det ikkje plass til meg. Så tida etter det oppholdet var nesten verre enn alt. Då er det godt å ha ein mann som har erfaring med psyke. Og han hjelpte meg gjennom det. Det tok nemligt 3 og ei halv veke på ny medisiner før eg ein dag vakna opp og følte meg heilt normal. Har ikkje hadt tilbakefall men eg er forberedt på det kan komme.
Eg er no også forberett på å ikkje la dette fa%&&skapet ta hus i meg igjen. Det skal bekjempes på alle bukter og fronter.
I den perioden eg var som sjukest drukna eg meg i denne boka. Den hadde i det minste ein del effekt menst eg leste i den. Og den er ei fantastisk bok når ein er komt eit hakk over underflata. Eg trur også eg no veit kvifor eg har angst og kan jo då jobbe med det. Eit serdeles stort framskritt.
Ellers så går eg i terapi og har meldt meg på kurs i depresjonsmesting.
Eg er også komt fram til att tida med sulling er over. Det er 10 år sida eg traff veggen første gang og eg må no snart ta opp kampen mot demonene.
Så eg har snakka med det lokale gartneriet og eg skal starte der i uke 6. Det blir jobbtilvenning på mine primisser. Komme og gå når det passer i starten i allefall.
I mellomtida så går eg her heime å småkjeder meg. Denne følelsen har eg ikkje hadt tidligere. Og det er nokre år med lediggang no.
Min tidligere jobb var mange år med tunge (farlige) psykisk utviklingshemma og på slutten var eg på aldersheimen. Eg er utdanna hjelpepleier i vernepleie og svor på at eg aldri meir skal jobbe med folk. Følte meg fulstendigt tappa. Men no kjenner eg faktisk på å kanskje kunne hjelpe folk som strir. Kva framtida bringer er ikkje godt å vite men eg føler meg for øyeblikket meir opptimistisk enn på veldigt lenge.
Og når eg kom meg i gjennom dette så skal framtidige nedturar få skikkelig motstand.


Ellers ei gladmelding. Det 6 barnebarnet er på vei,

lørdag 7. november 2009

Vips



Ein to tre....
Hvist det er nokon som lurer på kva eg har gjort på i det siste så har du svaret her.
Fikk garnet forrige torsdag. I dag har eg strikka bolen på den første jakka til gutane. Så eg er ikkje redd eg ikkje skal bli ferdig til jul. Trur eg rekk skjerf og luer også. :)

mandag 26. oktober 2009

Utenom hagesesong.



Ja her blir det ikkje skrevet mykje.
Og for å sei det sån. 'Nu går alt så mye bedre.'
Men det er etter at eg har vore i kjelleren. Og eg trur eg sparer den til psykologen. He-He

Bare ein liten raport frå det haustande vestland.

Bildene her er henta frå ei lita bygd ikkje så langt frå meg. Åkra ligg så langt ut på landsbygda det går ann å komme. Her råder freden og idyllen og bygda er oppblommstrande med mange forholdsvis unge innboere.
Bildene blei tadt forrige helg då vi var ute å lufta Bobilen.
Her går ikkje veien lenger.

Men det eg skulle raportere i dag er att no er dei fleste frøa sendt avgårde men eg har beholdt litt av kvar sort slik at eg enda har frø til dei som vill ha.

Det har gått 50 pakker til STA (tidligere), 30 til Srgc og 23 til Primulaklubbem. Ags får klare seg utan frø frå meg. Og det regner eg med dei gjer for der er lista vanligvis lang.
Frøboksen har vore her. Der var det ikkje så voldsomt mykje eg kunne tenke meg men noko blei det. Så eg har lagt oppi ein del frø der også.
Ellers så driv eg å tørker ein del Irisfrø til Kristl Walek i Gardens North. Så i år vil det havne nokre få sorter frå min liste på salgslista hennar. Primula og Iris. Litt kjekt synest eg.

Ellers lite å berette om hage. Eg driv å unngår den så godt eg kan. Og eg har faktisk strikka ferdig ein genser eg begynna på for eit par år sida.
Og no har eg bestilt tråd til 5 gensrer. Skal eit barnebarn få, må alle få. Og hald dåke fast. Dei skal være ferdige til jul.

Ha ein fin dag.

tirsdag 29. september 2009

Lenge sida sist

Ja no er det lenge sida eg har skrevet her.
Det har sin enkle grunn i att eg ikkje har vore frisk. Når magen slår seg vrang er det lammende. Det har pågått sida i midten av august. Har hadt perioder som har vore bedre men på slutten no blei det så galt at eg slutta å ete. Smerter kvalme og diare kvar gang eg putta noko inn. I tilleg har eg hadt ein kravlende følelse i heile kroppen. Har vore innom det som er av leger her og sistemann kom på at det kanskje kunne være parasitter eller amøber. Så i dag er eg begynna på flagyl og er allerede mykje bedre. Uroen i kroppen har lagt seg men eg veit enda ikkje om det er ein stabil bedring. Eg håper og trur det. For det var ikkje muligt å få ta prøver då eg var tom.

Så i dag har eg for første gang på lenge følt trang for å gjere noko. Og eg har difor båre ned ein del stueplanter frå drivhuset til planterommet. Og så har dei første pellisene og litt anna fått komme inn i drivhuset.
Eg har satt på frostvakta der ute då det ser ut som regnet har slutta. Det er ei kald luft her no og det var nysnø på Melderskin i dagtidligt.
Enten så er det meg som er litt utav kurs ellers så ser det ut som høsten er tidligere enn vanligt i år. Det er ikkje mykje som blomstrer i hagen no. Og det som framdeles står i blomst er mildt sagt drukna. Det har vore ein fryktelig våt haust.
Men no er det altså opplett og i skrivendes stund 4 grader. Så i morgon må eg få inn meir. Og særligt det mest ømtålelige.
Eg har framdeles masse som skulle vore gjort i beda. Blant anna ein del utplanting. Eg får nok drøye utesesongen litt lenger i år sida eg har vore utav drift. Hadde igrunnen lyst til å ta ein pause frå dette no men det er som sagt eit og anna som må gjeres.

Ha ein fin dag folkens.

torsdag 6. august 2009

Mykje å gjere.

Stikk bare innom for å sei at eg har det travelt.
Hagen såg ut som ei slagmark då eg kom heim frå ferie. Så det var bare å gyve laus på luking og klipping av avblomsta planter. Det er utruligt kor mykje det siste betyr for at det skal sjå sån nokolunde ut i slike store rabatter som eg har. Når eg også skal berge ein del frø går det ekstra lang tid.
Stova har sidt ut som ein oppamlingsplass dei siste dagene. Og eg har sete til langt utpå nettene og renska frø.
Lista veks men det er mykje igjen.
Her er ein liten oversikt over kva som er renska til denne tid.
http://annesblomstersider.org/index.php?option=com_content&view=article&id=122&Itemid=141

Eg tar helst ikkje imot bestillinger enda då det er lenge til lista er ferdig. Og eg er opptatt med sortering. Men helleborusene og pulatillaene hadde hadt godt av å komme i jord så noko kan eg sende ut om det er nokon som er interisert. Eg annonserer på Hagegal når lista er ferdig.

torsdag 30. juli 2009

Dolomittene


Ja no er vi vel heime att. Og eg må sei det var eit lite antiklimaks. Dårligt vær og ein hage som ser ut som eit takras. Men det er ein annen historie.

Etter å ha kjørt av og på motorveien i Slovenia x antall ganger og omdiriger tomtomen nokre ganger, suste vi inn i Italia. Desse kjempeflotte innretningene funker ikkje når avkjørslene er stengte. Vi fikk då.sjå livet på landsbygda Og ganske mange motorveikontrollposter.
Det er også lurt å sjekke om det er fleire plasser med samme navn.
Etter å ha sitt den Italienske lansbygda på svært nært hold forkynte ho der dama 'ankomst' på ein grusvei bak ein lansby ved foten av dolomittene. Då oppdaga vi att det var ei lang remse med Cortina, og vi fikk slått inn rett til slutt. Dette førte oss på veier vi sikkert ikkje hadde kjørt ellers og det var jo ei oppleving. Ved ein annledning kjørde vi praktisk talt gjennom ein maisåker. Men eg såg eit kirkespir gjennom desse høge plantene så vi anntok det var ein utgang.
Har desverre ikkje så mangen bilder derfå og dei sparer eg til hjemmesida. Men bilde over er frå ein stopp oppi fjella. Ikkje spørr meg kor.
Om du studerer bildet så ser du veien og tunellene oppe i fjellsida, og der kjørte vi.


Etter ein lang dags kjøring var vi på ca 1400 m ved ein ganske flott Campingplass. Og vi beslutta å ta kveld. Denne plassen var så flott at vi valgte å bli her ein ekstra dag.


Dolomittene var allerede eit skue. Og det var masse blomster i skogen like ved vogna vår. Vi rusla gjennom denne skogen ned til nermeste landsby. Ca 2 km.


Her eit hus der nede. Alt er høgt her oppe i fjella.

Trur bortimot alle leiger ut. Og det var eit skitrekk rundt kvar ein sving.

Å komunisere med Italienere er ikkje enkelt når ein ikkje snakker tysk. Men vi fikk tilslutt formidla at vi var usikre på veien til Cortina. Hadde fått fortalt at der var ein vei med for lav tunell. Når kampingplasseigaren endelig forsto oss, viste han oss eit flott bilde over heile tyrol og forklarte at om vi kjørte den eine veien ville vi havne på 2300 over havet. Panorama sa han.
Så vi valgte den veien. Og her er vi på vei. Det ligg mange slike landsbyer oppe i fjellene.

Her nærmer vi oss toppen. Desse lyse fjellformasjonene er ganske flotte.

Og her er vi på toppen. Samme fjelltopp frå ein annen vinkel.

Her har eg retta kameraet mot den veien vi skal kjøre

Samme her. Cortina ligg langt nedi der bak fjellene på ca 1400 m.

Fjella er virkelig flotte her. Ein annen gang skal vi ta beina fatt i desse fjella har vi bestemt.

Cortina frå bilvinduet.
Vi valgte å ikkje stoppe her då vi igrunnen synest vi hadde fått sitt ganske mykje av desse staselige fjella. Og turen gikk videre mot Østerike gjennom Brennerpasset og videre til Tyskland.
Vi tok nokre dager i Sverige - Trelleborg Før vi sette nasa heim att. Der var det også flott men det var litt for ruske til å bade på den flotte badestranda der. Så det blei småbyliv i stadenfor.
Sykkelen har vore sentral og viktig på heile turen.
Og at gubben reiste ifrå lommeboka på do i ein restaurang langs motorveien i Tyskland snakker vi ikkje om. Det er ein heil liten historie.

lørdag 18. juli 2009

Bobilturister i Kroatia


Det er vell på tide med nokre ord her. Vi er på ferie med Bobilen. Og målet var Kroatia. No har vi vore her i 1 veke og vi stortrives.
Men først nokre bilder frå turen nedover.
Vi reiste via Sverige - Trelleborg til Tyskland - Sassnitz (eller noko sånt). Tyskland er herved døypt til dei evige motorveiers land. Og dei Østtyske gamle betongveiene var ein på kjenning å kjøre på. Synest aldri det landet tok lutt. Vi overnatta på eit truckstopp ved ein bensinstasjon og suste videre neste morgen.


Neste overnatting var i Østereike og det var på samme måte. Dagen etterpå hadde vi ikkje kjørt langt før vi havna i kø. Den varte i 3 timer og det var bare den første av 3 køer den dagen.



Men når det løsna gikk det unna. Slik bygger dei veier der i Østerike. Burde ikkje være så ulikt utgangspunktet i Norge.
Der er himla langt ned bare for å ha nevnt det.

Etter å ha stått i kø for å komme inn i Slovenia var det Atter ein kø for å komme inn i Croatia.
Her står vi i kø og vi får her den første følinga med kva vi skal til. Temperaturen har steget betrakteligt.
På kvelden annkom vi Bi Village like ved Pula som vi tilfeldigt valgte å bu på. Det er eit feriesenter/campingplass med alt ein måtte formå. Men alikevell ein av dei vistnok mindre. Eg synest den er enorm.
Her bur vi blant dansker, italienere, tyskere og mange andre nasjonaliteter. Ikkje så mange nordmenn.


Her er madammen havna i havet. Og det er deiligt.


Og her er gubben i Fazena det nærmeste sentrummet. Her har vi fortært diverse deilige måltider. Og eg med min gluten og melkeallergi har fått fortreffelig mat.



Vi har også besåkt Pula. Det var ein varm dag. 35 grader. Men ikkje den varmeste. I natt var det uutholdeligt. Og i dagtidligt kom det vind og regn. Eg går og huttrer men eg tipper det er godt over 20 grader.



Det kjem meir ein annen gang no nører gubben opp grillen. Og eg skal hakke salat av dei deiligste råvarer.
Men eg kan sei så mykje at vi bryt nok opp ein av dei første dagene for å dra til Dolomittene.